Hopp til innhold
X
Innhald

Båtfrakt av feet

I Sværefjorden vart feet lasta ombord i jekter eller robåtar og frakta over Sognefjorden - antan til Vik, Flåm, Aurland eller Lærdal. I Sværen heiter ein hammar framleis «Lastehammaren» - der ein lasta driftefeet ombord.

Lars Dale og Endre Torsnes i Sværefjorden og andre frå Vetlefjorden var karar som frakta beist. Kvar av dei hadde båtar som tok inntil 40 storfe. Møtte dei motvind, og ferda inn fjorden vart dryg, sette driftekarane beista i land m.a. på Njøsaholten (sjå Leikanger kommune) eller i Borlaugskroken (sjå Vik kommune) slik at dei fekk beite.

Då Fylkesbaatane kom i drift frå 1858, vart føringsbåtane med beist ofte slepa inn fjorden . Det kunne vere opptil 7 båtar på kvar tur. Markus Ulvestad (1809-1897), opphaveleg frå Vik, var også ein kjend fehandlar i si tid. Det same var Nils Åfedt Sværen fødd 1832, som på ei hestedrift austover seinhaustes 1874 forfraus seg og døydde av skadane.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 27.07.2011