Hopp til innhold
X
Innhald

Bjørnen sov

Anders Bårdson frå garden Bruhjell vest for Balestrand var ein dag kring 1900 i marka for å leite etter sauer då han mest trakka på ein sovande bjørn.

Anders vart ståande dørgande still. Han var så nær at han kunne sett øksa i ryggen på dyret, men let det vere. Etter ei stund vakna den store bjørnen og fekk veret av Anders. Med eitt byks var den inne i skogen og borte.

Bjørneskyttaren Per Mel fekk høyre historia og sa at Anders hadde gjort det einaste rette. Hadde Anders vekt bjørnen eller gått laus på den med øksa, hadde han vorte drepen av ein illsint bjørn.

Denne artikkelen er ein lokalhistorisk artikkel frå Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Den er ikkje vurdert som leksikalsk innhald. Ver varsam med å nytte artikkelen som kjelde. 

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 11.09.2018