Hopp til innhold
X
Innhald

Bom Bom-huset

Foto: Ottar Starheim, NRK.

Foto: Ottar Starheim, NRK.

I bakken ved kaia i Balestrand ligg eit lite, brunmåla hus med karakteristisk arkitektur.

Huset vart opphaveleg bygd ca. 1912-1917 av Kvikne's Hotel som barbersalong, og er no ein del av Norsk Reiselivsmuseum.

Den svenske kunstnaren Einar Enblom (1900-1936) budde mykje i huset når han gjesta Balestrand, og etter Enblom skal huset ha fått sitt kjælenamn («bom» i staden for «blom»).

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 28.07.2011