Hopp til innhold
X
Innhald

Bombinga i Esefjorden

Kring heile Balestrand vart det sett opp maskingeværstillingar. Det lokale skyttarlaget vart mobilisert for vakt og nærforsvar. For å hindre at tyskarane skulle trengje inn Sognefjorden, la jagarane «Garm» og «Troll» - og torpedobåten «Snøgg» seg i ei ytre line ved Vadheim, og mineleggjarane «Gor» og «Vale» saman med rekvirerte norske fiskeskøyter la seg ved Kvamsøy.

Mykje av denne flåten trekte seinare til Esefjorden, der «Garm» vart utsett for tysk flyåtak den 20. april. Det tyske flyet vart skote i brann, og styrta ved Høyanger. «Garm» vart den 26. april flybomba på nytt ved Bjordal, og sokk (sjå Høyanger under krigsutbrotet 1940). Også «Snøgg» og «Troll» vert angripne ved Høyanger og Nordeide utan at det vart gjort større skadar.

I samband med krigskvarteret på Kvikne's hotell, fylgde det også med nokre norske marinefly som først låg i Esefjorden og seinare vart flytta til Vetlefjorden. Her dreiv dei m.a. «øvingsbombing» med stein. Ein av dei tunge steinane hadde nær råka hus på Ulvestad.

Før dei norske styrkane kapitulerte i 1940, vart kanonbåten «Jerv» søkkt av det norske mannskapet på utsida av Kvamsøy. Dette vart gjort for at den ikkje skulle falle i tyskarane sine hender. Vraket vart heva nokre år etter krigen.

Sjå også:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 29.07.2011