Hopp til innhold
X
Innhald

Bondehøvdingen som fraus ihel

Minnesteinen over Hugleik Tungøen i Sværeskaret. Foto: Mechtild Reuber.

Minnesteinen over Hugleik Tungøen i Sværeskaret. Foto: Mechtild Reuber.

Minnestøtta over Hugleik Tungøen i Oldedalen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Minnestøtta over Hugleik Tungøen i Oldedalen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

I Sværeskaret står eit minnesmerke reist over Hugleik Tungøen frå Oldedalen som omkom der i 1706.

Etter uår og ras i Oldedalen (sjå Den vesle istida) gjekk han i 1702 til København for å be kongen om hjelp. På ei liknande ferd til Oslo i 1706 vart han på heimvegen overraska av uvêr i Sværeskaret og fraus ihjel.

Her er det reist eit minne om mannen, og det same er gjort i heimbygda i Oldedalen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 27.07.2011