Hopp til innhold
X
Innhald

Cooper-huset

Cooper-huset. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Cooper-huset. Foto: Ottar Starheim, NRK.

I Balestrand sentrum er i dag eigd av Vestnorsk Reiselivsmuseum, og vart bygd i drakestil i 1905 av den engelske kunstmålaren Alfred Heaton Cooper. Både dette og eit tilsvarande hus av lafta tømmer som Cooper fekk bygd i England, kjem frå «ferdighusfabrikken» til Jakob Digre i Trondheim (sjå "Drakestilen som nasjonalsymbol").

Cooper fekk økonomiske problem, og måtte selje «Cooperhuset» i 1908 til sjømannen Georg Sverdrup. I 1940 kjøpte Marta Kvikne huset. - Opphaveleg var det hotelleigar Ole Kvikne som eigde tomta som han gav det flotte namnet «Villa Fort George».

Alfred Heaton Cooper vart gift med Mathilde Marie Valentinsen i Balestrand. Også sonen William (fødd 1903) og sonesonen Julian (fødd 1947) er kjende kunstmålarar som vitja Sogn og Balestrand. Cooper-huset går i dag inn i bygningssamlinga til Norsk Reiselivsmuseum.

Ved sida av Cooper-huset i Holmen ligg den vesle urmakarforretningsa som Arne Thue bygde i 1913. I huset dreiv han, og seinare sonen Peter Thue, urmakarbutikk. I 1988 måtte huset flyttast dit det no står då handelshuset Holmatun vart reist.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 26.07.2011