Hopp til innhold
X
Innhald

Den første skuleordninga i Balestrand

Tjugum på måleri frå 1800-talet. Tjugum fekk omgangsskule i 1741.

Tjugum på måleri frå 1800-talet. Tjugum fekk omgangsskule i 1741.

I ei lov i 1736 om konfirmasjon vart det sett fart i arbeidet med å skipe eit offentleg skuleverk i Noreg, og i 1739 kom den første lova om skulestellet. Den kravde skule i kvart kyrkjesokn.

På eit møte på Leikanger (skulefundas) i 1741 vart det skipa skulekrinsar med eigne omgangsskulelærarar for Kvamsøy, Tjugum, Vangsnes/Eitorn (no i Vik og Leikanger kommunar) og Fjærland (no i Sogndal kommune). Det gjekk tregt i starten. Folk hadde stor motvilje mot den ekstra skuleskatten. Men i 1780-åra var omgangsskulen i godt gjenge i alle krinsane.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 27.07.2011