Hopp til innhold
X
Innhald

Den gjelda hesten i Vetlefjorden

Også i gamle dagar kunne folk krangle om det meste, og folk som kjende seg ærekrenka drog støtt og stadig saker for retten. Ei ei av merkelegaste sakene om ærekrenking finn vi i Vetlefjorden:

I eit gjestebod skulda ein bonde ein annan for å ha gjelda (kastrert) sin eigen hest. Slikt var visstnok skammeleg åtferd i dei dagar, og den fornærma fekk saka inn for retten. I rettsboka går det fram at den fornærma bonden tidt og trutt hadde fått slengt spitord etter seg om «jelken» - d.v.s. den gjelda hesten.

For å vere på den sikre sida, fann retten at dei sjølve måtte kontrollere hesten: Med «4 gode mænd» som vitne vart den stakkars hesten skoren. Då det viste seg at begge «pærene» var på plass, fekk den fornærma bonden rettens skriftlege prov på at han på nytt var å rekne som «en ærlig mand».

- Men hesten vart ikkje heilt den same etter den rettssaka!

Denne artikkelen er ein lokalhistorisk artikkel frå Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Den er ikkje vurdert som leksikalsk innhald. Ver varsam med å nytte artikkelen som kjelde. 

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 11.09.2018