Hopp til innhold
X
Innhald

Det første postkontoret kom på Flesje

Flesje. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Flesje. Foto: Ottar Starheim, NRK.

«Flesche» postopneri vart skipa i 1836 som det første i noverande Balestrand kommune.

Oberstløytnant Christian Gahrup Meidell var første poststyraren. Den rodde postruta frå Den Trondhjemske Postvei ved Leirvik og innover til m.a. offisers- og embetsgardar langs Sognefjorden hadde nok starta ein god del tidlegare enn 1836. Denne rodde postruta hadde elles m.a. stopp i offisersgarden Måren, gjekk vidare innover til den gamle fute- og offisersgarden Flesje like vest fort Balestrand, og til Fresvik og Frønningen.

Misnøye i Vik

Posten vart levert på Flesje heilt fram til 1856, og frå Flesje vart posten delt om til bygdene i midtre Sogn.

Men i Vik på sørsida av fjorden har ein truleg vore misnøgde med denne ordninga, for mykje tyder på at posten til midtre Sogn i nokre år har vorte rodd til Vik og omdelt derifrå: I 1844 avgjorde nemleg regjeringa at ......«det paa Flesche oprinnelige oprettede Postaabneri, som i flere Aar hafer vært plasseret paa Vigøren, skal fra 1.10.1844 flyttes tilbage».

Kamp mellom Flesje og Holmen

Tidleg på 1800-talet kom det inn drivande folk som kremmarar og gjestgjevarar i Holmen i Balestrand. Det er truleg desse som i 1839 fekk Finans-, handel- og tolldepartementet til å gjere vedtak om at postopneriet på nordsida av fjorden skulle flyttast frå Flesje til «Balestranden». Men offisersfolket på Flesche heldt nok att, for i åra frå 1848 og fram til 1855 finn vi framleis postadressa «Flesche i Leganger i Sogn».

Frå 1855 vert stavinga endra til Flesje. Først i 1856 vart postopneriet flytta inn til Holmen, etter oppmoding frå Balestrand kommunestyre. No fekk postopneriet namnet «Balestranden», og med kremmar og gjestgjevar Jan Christoffer Garmann som første styrar.

I 1973 endra Balestrand postkontor status til underpostkontor, men fekk tilbake status som postkontor i 1974. I 1979 vart det såkalla postkontor C.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 27.07.2011