Hopp til innhold
X
Innhald

Dragsvik Fjordhotell

Dragsvik Fjordhotell. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Dragsvik Fjordhotell. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Dragsvik Fjord Hotel AS vart starta som pensjonat i 1953 av Gjertrud Farnes saman med dottera Gudrun og sonen Sigurd.

Gjertrud hadde drive forretning på Farnes (sjå Mons Farnes - 1902). Denne selde ho i 1948. Pensjonatet hadde frå starten kafe og plass til 20 overnattingsjester.

Sigurd tok over drifta i 1966, bygde på i 1968 og sette på 1970-talet opp fleire utleigehytter i Dragsvik. Ei ny utviding i 1982 gav m.a. 10 nye gjesterom. Anne Randi Farnes tok over drifta i 1985.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 25.07.2011