Hopp til innhold
X
Innhald

Drakestilen som nasjonalsymbol

Ein stor del av dei prakfulle villaene som vart bygde i Balestrand kring 1900, er bygde i såkalla «dragestil» - ein norsk variant av «sveitsarstilen». Saman med Kvikne's Hotel, representerer dei som bygningsmiljø ein eineståande del av norsk bygnings-historie.

Drakestilen er det bygningsmessige uttrykket for det norske i den nasjonale reisingstida før frigjeringa frå unionen med Sverige i 1905.

Den leiande artiktekten for drakestilen var Holm Hansen Munthe (1848-1898). Han var byarkitekt i Oslo, teikna m.a. Frognerseteren restaurant i Oslo og jaktslott til Keisar Wilhelm II i Tyskland. Boka «Holzbaukunst in Norwegen», som han gav ut i 1893 saman med Lortentz Dietrichson, vart eit sentralt verk for denne stilretninga.

Drakestil frå ferdighusfabrikk

Drakestil frå ferdighusfabrikk

Ein like viktig grunn til den store utbreiinga som drakestilen fekk, var nok at arkitekt Jakob Digre i Trondheim i 1875 starta ferdighusproduksjon av lafta villaer i dragestil/sveitsarstil. Firmaet var grunnlagt i 1838 og samarbeidde med trelastfirmaet M. Thams & Co i Orkanger. I 1886 vart arkitekt Karl Norum tilsett i firmaet, og det var først og fremst han som teikna byggjesetta for drakestilshusa.

M.a. er Villa Normann, Villa Kringsjå og Cooper-huset i Balestrand byggjesett frå Jakob Digre sin «ferdighusfabrikk».

Drakestil i interiør og møblar

Elles er «Høyvik-salen» på Kvikne's hotell, skapt av trekjerar Ivar Høyvik, ein særmerkt representant for drakestilen i norsk interiørkunst. Innanfor møbelkunsten er det først og fremst treskjerar og rosemålar Lars Kinsarvik frå Hardanger som har sett merke etter seg i Sogn og Fjordane med drakestil. Han har m.a. stått for utsmykkinga av Eid kyrkje og Rugsund kyrkje.

Detalj frå Høyviksalen. Foto: Arild Nybø, NRK.

Detalj frå Høyviksalen. Foto: Arild Nybø, NRK.

Les meir om herskap og hus i Balestrand.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 28.07.2011