Hopp til innhold
X
Innhald

Eilert Adelsteen Normann

Eilert Adelsteen Normann (1848-1918) frå Vågøy i Nordland, busett m.a. i Berlin og Balestrand. Kunstmålar, og ein av dei fremste norske kunstnarane frå «düsseldorfar-skulen».

Studerte målarkunst i Düsseldorf 1869-1873. Frå 1877 stilte han ut motiv frå Sognefjorden. Fjordmotiva til Adelsteen Normann var atelierarbeid basert på skisser, og er m.a. prega av overdrivne stupbratte fjell - ein målestil som vi kjenner att frå ein annan «düsseldorfar», Anders Askevold.

Måleria til Adelsteen Normann er m.a. kjøpte av Nasjonalgalleriet, Nasjonalmuseet i Stockholm og av keiser Wilhelm II, og han hadde m.a. fleire utstillingar på Salonen i Paris.

I 1877 flytta han til Berlin, og fekk m.a. tillitsverv i kunstnarforeninga i byen. Han var medansvarleg for den skandaleprega utstillinga som Edvard Munch heldt i Berlin i 1892. Munch-utstillinga vart stengd etter få dagar. Bygde Villa Normann i Balestrand i 1891 - eit hus i såkalla drakestil frå ferdighusfabrikken til Jakob Digre i Trondheim (sjå Drakestilen som nasjonalsymbol).

Riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden i 1887. Far til Emma Pastor Normann.

Adelsteen Normann måla m.a. skipet til Keisar Wilhelm II, Hohenzollern, i Esefjorden.

Adelsteen Normann måla m.a. skipet til Keisar Wilhelm II, Hohenzollern, i Esefjorden.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 26.07.2011