Hopp til innhold
X
Innhald

Ein krakilsk kaptein

Embetsmenn og offiserar som budde kringom på bygdene, kunne ofte vere vrange å ha med å gjere. Ein slik var kaptein Peder Brun, som budde på Vangsnes. Der vart han stemd for retten for å ha skote med skarpt i husveggen til Ola Midttun.

Kapteinen hevda at han skaut etter ei skjor. Men retten trudde ikkje kapteinen, for den fann at han hadde skote to kuler i husveggen – og ei skjor har ikkje for vane å sitje i ro for å vente på andre skotet! Så ein gong Hermund Farnes på Farnes i 1692 hadde bede både presten og mykje anna gjevt folk på gjestebod, dukka kaptein Brun opp – ubedd.

Då han fekk beskjed om at han ikkje var velkomen, hogg han sabelen i bordet så flisane fauk. Han hadde drepe 50 menneske før, og det skulle ikkje koste han mykje å sende festlyden same vegen dersom dei torde å mukke! truga den sabelsvingande kapteinen. Men presten fekk roa den krigerske Brun ned, og skyssa han på dør. Kapteinen vart ikkje dømd for trugsmåla, men vart forflytta frå Sogn.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 24.10.2007