Hopp til innhold
X
Innhald

Erland Fagermoen

Erland Arve Fagermoen fødd 1942 i Onsøy, busett i Balestrand. Bonde, elektroteknikar og Kristeleg Folkeparti-politikar.

Erland Arve Fagermoen fødd 1942 i Onsøy, busett i Balestrand. Bonde, elektroteknikar og Kristeleg Folkeparti-politikar.

Flytta til Balestrand i 1977, og har sidan drive Sjøtun Camping. Medlem av kommunestyret 1979-1999, ein stor del av tida i formannskapet.

Ordførar i Balestrand 2003-2007, og har også vore varaordførar ein periode.

Medlem av fylkestinget 1987 -2003, derav 1991-2003 i fylkesutvalet. Har vore medlem av fylkesstyret i Kr.F. i seks år, varamedlem til landsstyret i Kr.F. i fire år og i landsstyret for Kommunenes Sentralforbund 2003-2007.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 26.07.2011