Hopp til innhold
X
Innhald

Esebotten Seterhytte

Esebotten Seterhytte vart bygd i 1926 av Ingeborg Ese. Hytta vart flytta, ombygd og modernisert i 1933 og i 1950 og fekk etter siste utvidinga plass til 20 gjestar.

Den vart driven som pensjonat fram til 1972, og deretter som utleigehytte. Turistane vart før vegen rundt Esefjorden var ferdig i 1929, frakta til Esebotten med båt. Når dei skulle heim att, vart båt tilkalla ved å ringje med ei stor klokke.

Eigar av hytta i 2002 er Kjell Øystein Rutle.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 03.06.2008