Hopp til innhold
X
Innhald

Fabrikkar og verkstader i Balestrand

Nesseplast er den største industriverksemda i Balestrand. © Nesseplast.

Nesseplast er den største industriverksemda i Balestrand. © Nesseplast.

Omtalane er ordna etter oppstartsår:

Sagbruk i Balestrand

Både i Hanevik ved Målsnes, Kvamsøy og Nessane låg det frå gamalt av større sagbruk med vassdrivne oppgangssager.

Stampe og mølle på Bruhjell

Truls Olson Bruhjell bygde stampe og Mølle på Bruhjell kring 1880. Mølla var i drift fram til 1925, og vart brukt av folk heilt inne frå Eitorn og Vangsnes, og frå Kvamsøy. Eigaren i 1925, Rognald Hagen, bygde også sagbruk og dreiv produksjon av frukt- og fiskekasser. Saga og og andre bygningar vart øydelagde av ras i 1928 (sjå Ulukker og naturskader i Balestrand).

Ingebrigt Sylvarnes

som kjøpte gard på Tue i 1878, dreiv eit lite båtbyggeri der han bygde robåtar opp til seksæringar i storleik.

Andreas Halstad

fødd 1862 i Gaular, kjøpte gard på Feten i Vetlefjorden i 1895. Han var smed, og tok m.a. til å byggje firhjula høyvogner som han selde kringom i Sogn.

Handels og industrieventyret på Nessane

Erling Nesse A/S vart starta på Nessane i 1897. I 1957 vart Nesseplast etablert.

Erling Nesse A/S

- sjå Handels og industrieventyret på Nessane.

Nesseplast AS

- sjå Handels og industrieventyret på Nessane.

Vevstovene i Balestrand

Dyktige kvinner i bygda skaffa skaffa seg gode ekstrainntekter på vevnad til turistane. I mellomkrigstida kan det ha vore så mange som 32 utsalsstader for vevnad i Balestrand.

Steinbrotet i Lindane

Vestlandske Steinindustri starta i 1915 steinbrot i Lindane i Kvamsøy. Då drifta gjekk som best, arbeidde det mellom 20 og 30 mann i steinbrotet.

Båtbyggeriet på Torsnes i 1916 med den første motorbåten som vart bygd der. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

Båtbyggeriet på Torsnes i 1916 med den første motorbåten som vart bygd der. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

Båtbyggeri på Torsnes

Ola E. Thorsnes starta i 1916 båtbyggeri på Torsnes ved Sværefjorden. Han leigde kyndige båtbyggjarar frå Hardanger den første tida. Sjå «Polarskuta frå Torsnes».

Skipsbyggeriet i Kvamsøy

Under 1. verdskrig hadde Styrk Vinsentz frå Fana store planar om skipsbyggjeri i Kvamsøy.

Balestrand Elektrisitetsverk

vart skipa i 1913 etter opptak frå Knut Kvikne. I 1914 fekk selskapet bygd kraftverk i Esefjorden. - sjå elles «Kraftutbygging i Balestrand».

Ola Midtnes og Hermund Thue

kjøpte i 1916 saftpresseri etter Maria Gjerde. Saftpresseriet vart avvikla nokre år etter 1. verdskrig.

Dette er ein bandakrakk, til bruk i produksjonen av tønneband.

Dette er ein bandakrakk, til bruk i produksjonen av tønneband.

Produksjon av tønneband

Fleire bønder i fjordane laga tønneband som attåtnæring. Tønnebanda vart laga for dei mange tønnefabrikkane i Sunnfjord (Dale, Bygstad og Eikefjord).

Slakteri

Lars Grinde frå Leikanger starta slakteri i sjøbua til tidlegare Hotell Balestrand kring 1920, og frå 1926 slaktebutikk i hotellbygningen. Han dreiv fram til 1940, då han flytta til Høyanger, der han dreiv kjøtforretning og kafé fram til 1972.

Balestrand Brusfabrikk

vart starta kring 1920 av Markus Tuftedal i kjellaren på Hotell Balestrand. Han, og seinare broren Per Tuftedal, dreiv den i omlag 10 år.

Skomakar A.K. Bøyum

A.K. Bøyum frå Fjærland starta i 1926 skomakarverkstad i Balestrand. Han hadde også litt produksjon av sko, særleg beksaumstøvlar.

Hermund Tenningen

starta sag og kassefabrikk i Balestrand i 1928.

Arne Bale starta bakeri

i Holmen i 1929. Han leverte bakarvarer til forretningar og hotell i bygda.

Johannes Løvik

starta i 1930 produksjon av frukt- og fiskekasser i Balestrand. Verksemda sysselsette på det meste seks personar, og vart driven til 1959.

Radiofabrikanten og bilkonstruktøren Lee

bygde radioapparatet «Sygna Radio», elektriske motorar - og ein liten elektrisk driven lastebil før krigen.

Balestrand Elektroindustri L/L

- sjå Radiofabrikanten og bilkonstruktøren Lee.

M. R. Farnes landhandel

- med bilverkstad og bensinstasjon.

Kvamsøy Sagbruk

vart starta i 1948 av Klaus og Kåre Thue. Dei dreiv også kassefabrikk.

Balestrand Fruktlager

Fruktlageret i Balestrand var bygd i 1957 av det nyskipa Balestrand Fruktpakkelag.

Balholm Safteri

frå 2002 - sjå Balestrand Fruktlager. .

Balholm AS

- sjå Balestrand Fruktlager.

Ciderhuset

- sjå Balestrand Fruktlager.

Saftflasker frå Balholm AS. Foto: Arne Eithun, NRK.

Saftflasker frå Balholm AS. Foto: Arne Eithun, NRK.

Brusfabrikk ved Skåsheimselva

Ernst Albrecht frå Bergen starta på 1960-talet brusfabrikk ved Skåsheimselvi. Alf Ålhus tok seinare over og dreiv fabrikken i nokre år. Då den vart avvikla i 1978, vart lokala nytta som verna bedrift under Granlia Heim og Skule.

Dale Gjerdenettfabrikk, Smed og Mek. verkstad

Dale Gjerdenettfabrikk, Smed og Mek. verkstad

vart starta Balestrand av Anton Dale i 1964 i eige industrihus. Etter konkurs i 1967 overtok Steinar Skåsheim og dreiv verkstad i bygget til 1971, då entreprønør Endre Kleiven frå Førde kjøpte det til lager.

Gullsmedar

Rolf og Solveig Haukaas starta gullsmedverkstad med spesialitet emaljearbeid på Tjugum i 1972. Dei produserer smykke og bilete i emalje, og har m.a. delteke på fleire utstillingar i utlandet med arbeida sine.

Fleksibo AS. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Fleksibo AS. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Fleksibo AS trevarefabrikk

på Torsnes vart starta i 1980 av Svein Grønlund. Fabrikken produserer kjøkkeninnreiingar og skap, og har m.a. spesialisert seg på tilpassing av produkta til rullestolbrukarar. I 2002 hadde fabrikken eit produksjonslokale på 1000 kvadratmeter, 11 tilsette og ei omsetning på 11 millionar kroner. Men i 2013 gjekk verksemda konkurs, og produskjonen vart lagd ned. I 2013 vart fabrikklokala kjøpte av Dale kraft AS.

Friendtex AS

vart starta i 1982 av danske Stanley Clemmensen (sjå også Praxis Arbeids og Fritidsklær nedanfor). Firmaet driv import og omsetning av moteklær, hadde i 2001 fem tilsette og 12 millionar kroner i omsetning. I 2001 vart firmaet seld til eit dansk selskap.

Nessemaskin AS

i 1983 - sjå Konkurs og ny drift for Nesse.

Torsnes Sand AS

- sandtak i Sværefjorden, vart starta av Jan-Bjarne Torsnes i 1983.

Kleive Mek. og Industriservice KMI

Kleive Mek. og Industriservice KMI

på Nessane vart starta i 1985 av Kurt Kleive. Verksemda har seks tilsette og produserer industrimaskiner - m.a. silketrykkmaskiner som vert selde over heile verda.

Balestrand Industrier AS

Verksemda har m.a. delproduksjon til Hjørnesteinsverksemda Vik Verk og lagar elles skap, poststativ og husflidprodukt.

Sæle Sag AS

på Sæle vart starta i 1990 av Lars Trygve Sæle. I 2007 øydela ein brann mykje av sagbruket, men det vart bygt oppatt. I 2013 er det 13 tilsette på sagbruket. Dette året kjøpte Lars Trygve Sæle Sunnfjord Sag AS i Gaular og Land sag på Odnes i Oppland.

Sæle Sag etter brannen i 2007. Foto: Robert Jan Leerink.

Sæle Sag etter brannen i 2007. Foto: Robert Jan Leerink.

Praxis Arbeids og Fritidsklær AS

tekstilimportfirma som vart starta i 1992 av danske Stanley Clemmensen (sjå også Friendtex AS lenger oppe). Firmaet produserer arbeids- og fritidskle på eigen fabrikk i Litauen med 80 tilsette. I Balestrand har verksemda 12 tilsette, og hadde i 2001 ei omsetning på 25 millionar kroner.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 04.02.2014