Hopp til innhold
X
Innhald

Flyet mista motoren

Flyet til Gidsken Jacobsen ved Kvikne´s Hotel i Balestrand. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

Flyet til Gidsken Jacobsen ved Kvikne´s Hotel i Balestrand. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

Gidsken Jacobsen framfor flyet sitt.

Gidsken Jacobsen framfor flyet sitt.

Fly var uvanlege farkostar på 1930-talet, og endå meir uvanleg var det å sjå kvinner bak spakane. Gidsken Nilsine Jakobsen (1908-1990) var den første kvinna i Noreg som tok flysertifikat. Ho var dotter til ein velståande trelasthandlar i Narvik, og det var han som skaffa dottera eit tysk Junker F13 sjøfly bygd i 1916. Saman med mekanikar Birger Johnsen dreiv ho taxiflyging med base på Balholm.

Ein sommar ho boltra seg i lufta over Sognefjorden, losna motoren på flyet då det var i 900 meters høgd over Hella. Flyet vart då ført av flymekanikaren Birger Johnsen. I tillegg til Gidsken, var også ein ung medhjelpar frå Balestrand, Olav O. Bale, om bord.

Motoren datt i fjorden så spruten stod. Men Gidsken Jakobsen var ei iskald og rådsnar jente: Ho kraup fram i flyet og flytta med seg lause deler slik at flyet fekk likevekt. Dermed kunne dei landa det motorlause flyet i glideflukt på Sognefjorden.

«Motorsleppet i Sognefjorden» fekk merksemd i aviser i heile verda.

Flykarrieren enda i Olden

Verre gjekk det i Olden 2. juli 1936, då flyet hennar havarerte under landing. Ein av passasjerane, Will Yri, berga livet til Gidsken Jacobsen då han dukka ned og fekk henne ut av det synkande flyet. Men dette vart den siste flyturen hennar.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 07.01.2014