Hopp til innhold
X
Innhald

Folkebibliotek i 1821

Balestrand i 1904. Foto: K. Knudsen. © Billedsamlingen, UiB.

Balestrand i 1904. Foto: K. Knudsen. © Billedsamlingen, UiB.

Skulane hadde i starten lite bøker å hjelpe seg med for å lære ungane å lese. Det kom seg då prost Niels Normann 1821 fekk i gang det første folkebiblioteket i Leikanger prestegjeld, som Balestrand då tilhøyrde.

Samstundes vart det starta lokalavdeling av Det Norske Bibelselskap. Bibelselkapet kjøpte inn biblar og religiøse bøker, til saman 42 bøker, som vart spreidde til utlån i krinsane. Frå 1827 fekk skuleborna rett til gratis undervisning i skriving og rekning.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 27.07.2011