Hopp til innhold
X
Innhald

Fotograf Tietz

Carl Tietz starta ca. 1919 som fotograf i Balestrand. Han kom først til Balestrand som hoff-fotograf for Keisar Wilhelm II, og bygde seg hus der i 1905 (sjå Villa Norlandheim).

Etter 1. verdskrig kom han tilbake til Balestrand og slo seg ned som fotograf. Sonen Kurt Tietz tok over då faren døydde i 1934 og skifta namn til Kåre Norddal då 2. verdskrig braut ut. Han ville ikkje bruke sitt tyske fødenamn.

Norddal dreiv også kunstforlag med sal av landskapsbilete og prospektkort.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 04.06.2008