Hopp til innhold
X
Innhald

Frå gjestgiveri til turisthotell

I starten var det to hus på eigedomen som Ole Kvikne overtok. Husa vart bygde saman. © Fylkesarkivet.

I starten var det to hus på eigedomen som Ole Kvikne overtok. Husa vart bygde saman. © Fylkesarkivet.

Ole Kvigne endra no også familienamnet til Ole Kvikne. Han var gift med Kari Kvikne f. Gurvin som var ei omtykt vertinne ved hotellet fram til 1917.

Då Ole tok over i Holmen, hadde eigedomen to hus. Frå 1880 utvida Ole Kvikne handelsbua og gjestgiveriet, og bygde dei to husa saman i 1885.

Han engasjerte den tyskfødde arkitekten og kunstmålaren Franz Wilhelm Schiertz til å teikne eit nytt hotell. Schiertz døydde i 1887, men hotellet stod fullført etter hans tekningar i 1890, med balkongar i fronten og eit tårn midt på mønet.

I 1890 sto nybygget ferdig etter Franz Wilhelm Schiertz sine teikningar. Dei to kvite husa på det øvste biletet er her bygde saman, og det er sett opp eit tårn i midten. Hotellbygget til høgre sto ferdig i 1894. Foto: F. A. Bridge. © Kvikne´s Hotel/Fylkesarkivet.

Lausholmen

I 1891 kjøpte hotellet Lausholmen framfor hotellet. Holmen hadde frå 1860 vore eigd av den danske marinemålaren Vilhelm Melbye (1824-1882). Holmen var nytta som badeplass, og vart seinare knytt til fastlandet med bru. Kvikne´s Hotel hadde fram til 1960 eige gardsbruk som forsynte hotellet med poteter og svinekjøt.

Kvikne´s Hotel med Lausholmen til høgre. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kvikne´s Hotel med Lausholmen til høgre. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Les også:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 25.07.2011