Hopp til innhold
X
Innhald

Franz Wilhelm Schiertz

Franz Wilhelm Schiertz (1804-1878) frå Leipzig, busett i Balestrand. Kunstmålar og arkitekt.

Franz Wilhelm Schiertz (1804-1878) frå Leipzig, busett i Balestrand. Kunstmålar og arkitekt.

Elev av norske I.C. Dahl, og illustrerte Dahls bokverk om norske stavkyrkjer. Reiste til Noreg i 1836 og teikna opp Borgund (Nasjonalklenodiet Borgund stavkyrkje), Urnes stavkyrkje og Heddal stavkyrkjer, seinare også Vang stavkyrkje. Denne siste vart med Schiertz si hjelp riven og flytta til Schlesien - no i Polen. Transporten av kyrkja gjekk over Filefjell til Lærdal.

Schiertz flytta til Bergen i 1851, og arbeidde m.a. som arkitekt med Kvikne's hotell. Han hadde Fridtjof Nansen som teikneelev, og deltok i polhavsekspedisjonar i 1876-1878.

I 1885 busette Schiertz seg i Balestrand (sjå Schiertzhuset), men døydde to år seinare og er gravlagd ved Tjugum kyrkje.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 26.07.2011