Hopp til innhold
X
Innhald

Fridtjof-segna og kunstnarane

Fridtjof-statuen på Vangsnes. Foto: Arild Nybø, NRK.

Fridtjof-statuen på Vangsnes. Foto: Arild Nybø, NRK.

Den fargerike segna om Fridtjof la grunnlaget for ein av dei største europeiske romansuksessar tidleg på 1800-talet, og både kunstnarar og andre søkte til Sogn m.a. for å oppleve dei «historiske» bygdene Vangsnes og Balestrand.

Ein av dei som vart trekt til Balestrand av Tegnérs «Fridtjofs Saga», var den mest kjende landskapsmålaren i Sverige, Carl Johans Fahlkrantz (1774-1861). Han kom til Balestrand i 1827 saman med to andre svenske kunstmålarar, brørne Johan August Ankarswärd (1783-1874) og Michail Gustaf Anckarswärd (1792-1878).

Den siste fekk det føre seg at Fridtjofs far var gravlagd på Vangsnes (Framnes), og laga ei lavering med vikinggrava som motiv. Falckrantz måla eit stort bilete av Balestrand, Esefjorden og Tjugum sett frå Vangsnes. I 1833 kom ein annan stor svensk kunstnar, Gustaf Wilhelm Palm (1810-1890) til Kroken, Solvorn og Balestrand. Han måla fleire motiv frå Sogn, m.a. frå motivkrinsen kring Fridtjofs Saga.

Fridtjof-segna var også ein sentral motivkrins i sjangeren «historiemåleri» mellom norske kunstnarar: M.a. måla Adolph Tidemand Fridtjofs avskjed med Ingebjørg. H.F. Gude måla vikingskip under segl på Sognefjorden med Balestrand i bakgrunnen, og Jakob Calmeyer (1802-1883) måla fleire motiv frå Fridtjof-segna.

Les også:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 24.01.2009