Hopp til innhold
X
Innhald

Friluftskaféen i treet

Friluftskaféen «Hygea» eit par kilometer vest for Balestrand, er eitt av dei mest originale påfunna i norsk reiseliv. Det var Kristen Erikson Fjærestad som bygde kaféen på 1890-talet: Nede ved sjøen stod eit stort almetre. Oppe i treet vart det bygt ei plattform der det var plass til bord med 15 gjester.

Frå kaféen til plattforma i treet gjekk det løypestreng. På den hang ein liten kopi av ei sognajekt. Når gjestene i almetreet skulle bestille, vart vinflaskene sett opp i jekta og sendt på løypestreng ned til plattforma i almetreet!

Kristen starta også butikk i kafébygget ved Skåsheimselvi. Kring 1910 bygde han eige bygg for butikken, som vart driven til 1954.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 25.07.2011