Hopp til innhold
X
Innhald

Frukthandelen til Nesse

Erling Nesse A/S vart starta i Nessane i 1897 av Erling Nesse. Han kjøpte i 1901 ein eigedom ved kaia. Der bygde han forretning, og vart dessutan postekspeditør og telefonstyrar.

Erling Nesse dreiv m.a. mykje med frukthandel i Sogn, og var den første i landet som fekk gjennomført standardisering av emballasjen til norsk frukt. I 1925 tok han til å pakke frukta i 10, 15 og 20 kilos øskjer i papp. Emballasjen vart utstyrt med pene fargeetikettar. I kassene kunne kundane finne slagord som: «Et eple hver kveld gjør deg god og vel» o.s.b.

Aksjeselskap og utviding

Forretninga vart aksjeselskap i 1928. Det vart bygd oljetankanlegg for skipsbunkers og ny betongkai i 1943. Det var då sonen Kåre Nesse tok over i 1949 at forretninga for alvor tok til å vekse i landsmålestokk. Ved sida av butikken, dreiv Kåre Nesse frukthandel og fekk agentur på sal av plantevernmiddel.

Tidleg på 1950-talet vart det bygt nytt forretningsbygg med kjølelager og fryseboksar. Verksemda sysselsette i 1953 seks personar i Nessane Firmaet dreiv også ein butikkfilial i Lånefjorden, som dei tok over etter Sigurd Breisnes (sjå Landhandlar i Balestrand).

Les meir om: Handels og industrieventyret på Nessane

Nessane på 1950-talet. © Johan Ottesens arkiv.

Nessane på 1950-talet. © Johan Ottesens arkiv.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 21.07.2011