Hopp til innhold
X
Innhald

Futegardar i Sogn og Fjordane

Her er nokre av dei viktigaste og mest kjende futegardane i Sogn og Fjordane.

Her er nokre av dei viktigaste og mest kjende futegardane i Sogn og Fjordane.

SUNNFJORD:

Futesetet på Fure

Dei første futane i Sunnfjord busette seg på garden Fure, lengst vest i Fjaler kommune. Her kan ein framleis finne «Futebekken» der embetsgarden låg.

Futen på Ask

Futane i Sunnfjord budde frå 1500-talet for det meste på Fure, seinare på Svanøy og til sist på Bruland i Førde. Men i åra 1684 til 1705 var også garden Ask i Askvoll futesete.

Futen budde på Hafstad

I ein periode på 1500-talet budde futen på Hafstad i Førde.

Futegarden Bruland

Futegarden Bruland

Futen i Fjordane, Nikolai Lambrechts, kjøpte i 1789 garden Bruland omlag fire kilometer aust for Førde sentrum og flytta futesetet frå Svanøy til Førde.

Futen på Svanøy

- Futesete og adelsgods. Etter at den dansk-norske kongen kverrsette alt kyrkje- og klostergods ved reformasjonen i 1537, gjekk det ikkje lenge før storgarden på Bru vart sete for futen i Sunnfjord.

SOGN:

Futegardane i Bjordal og Alværa

Futegarden i Bjordal låg på eit høgdedrag eit stykke opp frå sjøen, men vart flytta til Alværa ved Lavik i 1773.

Målsnes og Skåsheim som futegardar

Frå kring 1630 til 1650 eigde futen i Sogn garden Målsnes, men det er uvisst om han budde der. Etter tida på Målsnes, fekk futen hand om garden Skåsheim lengre aust, men også her er det uvisst om buten budde sjølv.

Fute- og offisersgarden Flesje

Det var Hans Blix som gjorde Flesje til futegard. I 1685 kjøpte han garden Tue og busette seg på Flesje. I 1790 overtok Askelund som futegard.

Futegarden Askelund

Omlag ein kilometer vest for Balestrand sentrum ligg den gamle futegarden Askelund. Den store trebygningen er rekna som ein av dei vakraste embetsmannsgardane på Vestlandet. Huset har sidan det vart bygd i 1790 hatt ei vekslande og fargerik historie.

Mange futegardar i Luster

På mange av dei beste gardane i Luster har det fram gjenom tida budd futar.

NORDFJORD:

Høvding- og futegarden Eide

Frå midten av 1500-talet til 1609 var Eide futegard for Nordfjord. Futen hadde tidlegare hatt tilhald på Maurstad. Frå Eide flytta futen i 1609 til Ytre Davik.

Futar og diktarprestar på Davik

Frå 1609 til 1692 budde futen i Nordfjord på garden Ytre-Davik i Davik. På 1500-talet budde Nordfjord-futen også i bolkar på garden Maurstad på nordsida av fjorden, men elles budde Nordfjord-futane den lengste tida på gardane Eide og Evebø i Gloppen.

Nordfjord-futen budde på Maurstad

Garden Maurstad på Bryggja var ei tid på 1500-talet bustad for futen i Nordfjord.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 04.11.2008