Hopp til innhold
X
Innhald

Futegarden Askelund

Futen kalla eigedomen Askelund og bygde det praktfulle hovudhuset med stort valmetak. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Futen kalla eigedomen Askelund og bygde det praktfulle hovudhuset med stort valmetak. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Omlag ein kilometer vest for Balestrand sentrum ligg den gamle futegarden Askelund. Den store trebygningen er rekna som ein av dei vakraste embetsmannsgardane på Vestlandet. Huset har sidan det vart bygd i 1790 hatt ei vekslande og fargerik historie:

I 1782 var ein del av garden Fjærestad selt unna til Jørgen Andersson frå Kvamsøy. Denne utskilde garden kjøpte den danskfødde futen Jacob Hegelund i 1790, mot løfte om at den gamle eigaren skulle pakte garden.

Praktfullt hovudhus

Futen kalla eigedomen «Askelund» og bygde det praktfulle hovudhuset med stort valmetak, eit mindre hus som vart kalla skulehuset, borgstove, stabbur og andre uthus kring tunet. I fjæra bygde han ei etter måten stor bryggje.

Hovudinngangen på futegarden Askelund kring år 1900. I døropninga står Hans Bonnevie Angell og kona Petra Nathalie. Til høgre for dei står bonde Ola Johannesson Sjøtun (1830-1915). © Fylkesarkivet.

Hovudinngangen på futegarden Askelund kring år 1900. I døropninga står Hans Bonnevie Angell og kona Petra Nathalie. Til høgre for dei står bonde Ola Johannesson Sjøtun (1830-1915). © Fylkesarkivet.

På same vis som ved andre embetsgardar i fylket, vart det saluttert med kanoner når det var fest eller når det kom gjester til gards. Ein stor fjellstøl med rikt beite høyrde også med til garden. Meistertjuven Gjest Baardsen skal ha site fengsla i kjellaren på Askelund.

Amtmannen på Askelund

I 1803 selde Hegelund futegarden til etterkomaren sin, futen Rasmus Carl Holck, som igjen selde til amtmann Treschow i 1813. Før han hadde amtmannen i Nordre Bergenhuus Amt (Sogn og Fjordane) lenge budd i Bergen. Men amtmannen vart ikkje sitjande lenge i Balestrand, for i 1814 vart Askelund selt til futen Rasmus Endresen. Han var fut i ytre Sogn frå 1809. Han utvida eigedomen mykje med å slå under seg tre bruk på Bale.

Jorda vert selt unna

Endresen vart avsett i 1837 på grunn av økonomisk rot, og då han døydde i 1841, vart eigedomen først overteken av enkja, som selde vidare til den nye futen Johan Widing Heiberg Landmark i 1846. Landmark fekk selt unna den «tilleggsjorda» som Endresen hadde skaffa på Bale, og fekk Staten til å ta over Askelund. Han gjorde avtale med bønder slik at dei fekk bruke den store fjellstølen i Langedalen, og arbeidde elles for skogreising og betre jordbruk i bygda.

Hovudinngangen på Askelund. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Hovudinngangen på Askelund. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Askelund vert sommar-villa

Etter at futeembeta vart avvikla i 1898, vart Askelund i 1899 seld til sakføraren Hans Bonnevie Angell frå Bergen. Han busette seg ikkje i Balestrand, men dreiv garden med paktar. Bonnevie Angell døydde i 1909, og i 1910 bygde enkja Petra Nathalie (d. 1934) sommarvillaen «Lille Askelund» på eindel av eigedomen, medan garden elles vart seld i 1912 til Ole Lee. Tyskaren Frantz Reinboth (fødd 1881) kjøpte sjølve Askelund -huset i 1912 og dreiv det som hotell. Han hadde tidlegare arbeidd som restauratør i Bergen. Reinboth eigde også ei tid Villa Norlandheim.

Men 1. verdskrig gjorde slutt på hotellet, og Reinboth selde i 1916 til Emanuel Danielsen og Paul Scholz frå Bergen. Begge var velståande forretningsmenn, som nytta Askelund til somarbustad, der dei heldt flotte hageselskap og heldt eigen gartnar. Huset vart freda i 1922.

Askelund vert ungdomsskule

I 1936 vart eigedomen selt til misjonsfolket i Sogn, som starta ungdomsskule i bygningen og bygde klasserom, internat, sløydbygg og gymnastikksal i tillegg. Sjå Sogn Ungdomsskule.

Eit par år på slutten av 1980-talet vart bygningane nytta til asylmottak, før Sogn Indremisjon i 1997 selde Askelund til Frode og Anita Nyland Høyvik, som m.a. brukar ein del av bygningsmassen som pensjonat og selskapslokale.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 28.07.2011