Hopp til innhold
X
Innhald

Fylkesbaatrutene i Balestrand

DS Fanaraaken legg til kai i Balestrand i 1956. Foto: Karl Sebak. © Fylkesarkivet.

DS Fanaraaken legg til kai i Balestrand i 1956. Foto: Karl Sebak. © Fylkesarkivet.

Den første turistruta

Etter strid mellom futen som budde i Balestrand, og sokneprest Harald Ulrik Sverdrup som budde på Tjugum, om plassering av Fylkesbaatane-kaia - anten på Tjugum eller i Holmen - så vann Holmen. Her var det bygd kai i 1850, og Holmen kom med frå første stund då Fylkesbaatane-rutene starta i 1858. Landhandlar Johs. Danielsen vart ekspeditør (sjå Handel og gjestgjevarar på Tjugum og Holmen). Ei ferjekai er også ein del av hamneanlegget i Holmen.

Den første turistruta

Fylkesbaatane-rutene opna m.a. for at dei første turistane kunne reise på rundtur frå Bergen til Voss og Gudvangen, og derifrå til Balestrand før retur til Bergen. Denne rundturen vart særleg populær etter at jernbanen frå Bergen var bygd fram til Voss i 1883 (sjå også: Tannstangsbane Stalheim-Gudvangen).

Kvamsøy

fekk rutestopp i 1887.

Bolstad

i Lånefjorden vart stoppestad for rutebåtane frå 1899.

DS Gudvangen ved kai på Nessane i 1910. © Nesseplast AS.

DS Gudvangen ved kai på Nessane i 1910. © Nesseplast AS.

Nessane

fekk rutestopp i 1877. Første ekspeditøren var Peder Endresen, og frå 1911 Erling Nesse.

Ferjekaia på Ulvestad ca. 1950. Foto: Normann. © Fylkesarkivet.

Ferjekaia på Ulvestad ca. 1950. Foto: Normann. © Fylkesarkivet.

Ulvestad

i Vetlefjorden fekk rutestopp i 1887. På kaia var det Anna og Jon Bøthun som dreiv handel og var skips- og postekspeditørar frå 1889. Frå 1905 overtok Markus Ulvestad. Ved opninga av Gaularfjellsvegen i 1938 med ferjerute til Grinde, vart ein del av kaia på Ulvestad bygd om til ferjekai. Ferjekaia vart nedlagt då vegen var ferdig til den nye fergekaia i Dragsvik i 1956. Båtrutene til Ulvestad vart avvikla i 1968. Hans Ulvestad var siste ekspeditør.

Farnes. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Farnes. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Farnes

i Sværefjorden fekk stjernestopp i Fylkesbaatrutene frå 1895 med handelsmann Mons Farnes som ekspeditør.

Menes

ved Fjærlandsfjorden fekk rutestopp i 1877.

MB Thorsnes på 1930-talet. Her er båten fullasta med tønneband som bøndene i området produserte. Ukjend fotograf. Eigar Oddrun Thorsnes/Fylkesarkivet.

MB Thorsnes på 1930-talet. Her er båten fullasta med tønneband som bøndene i området produserte. Ukjend fotograf. Eigar Oddrun Thorsnes/Fylkesarkivet.

«Thorsnes» og ferjeruta Ulvestad-Grinde

Då Gaularfjellsvegen vart opna i 1938, vart det starta ferjerute mellom Ulvestad i Vetlefjorden og til Grinde vest for Leikanger. Den første «ferja» i denne ruta var «Vesle Øyvind» og deretter kutteren «Thorsnes», bygd i Sværefjorden. - Sjå «Polarskuta frå Torsnes». Kring 1950 gjekk også Fylkesbaatane sin "Fjalir" i bilferjeruta Vetlefjorden-Grinde-Balestrand.

Tjugum

fekk rutestopp like etter 2. verdskrig og fram til 1951.

Ferja legg til kai i Dragsvik. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Ferja legg til kai i Dragsvik. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Ferjekaia i Dragsvik

vart opna i 1956, samstundes om den gamle ferjekaia på Ulvestad vart lagd ned. Opphaveleg var det planen at ferjekaia skulle liggje i Holmen, men uvilje frå grunneigarane der gjorde at vegsjefen i staden fekk bygd kaia i Dragsvik.

Lånefjorden med Kollangsnes til høgre og Kongsnes til venstre. Derifrå gjekk det ferje til Nordeide før Høyangertunnelen vart opna. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Lånefjorden med Kollangsnes til høgre og Kongsnes til venstre. Derifrå gjekk det ferje til Nordeide før Høyangertunnelen vart opna. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Ferjekaia på Kongsnes

i Lånefjorden vart bygd i 1970 i samband med at riksvegen Balestrand-Kongsnes vart bygd, opna 1971. Ferjesambandet Nordeide-Kongsnes vart lagt ned då Høyangertunnelen opna i 1982.

Ekspressbåt

Balestrand fekk ekspressbåtrute til Bergen då Fylkesbaatane starta slike ruter på Sogn i mai 1971.I dag har Balestrand daglege rutesamband med ekspressbåt til Bergen, og korrespondanse fleire gonger dagleg med ekspressbussane nord-sør på Vestlandet via Vadheim og mot Oslo via Sogndal.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 21.03.2012