Hopp til innhold
X
Innhald

Generasjonsskifte på hotellet

Etter at Ole Kvikne døydde i 1913, og broren Knut Kvikne året etter, overtok Ole og Kari Kvikne sin son Theodor Kvikne (1882-1916) hotelldrifta.

Han fekk m.a. lagt inn elektrisk straum i hotellet. Theodor fekk styre hotellet berre tre år før han døydde. Den tretten år yngre broren Sigurd Kvikne sr. tok då over drifta av hotellet. Han starta i 1928 også bokhandel ved kaia, som vart driven av Kvikne-familien til 1993.

Kortvarig auke i turismen

I tida etter første verdskrig auka turiststraumen frå Amerika, men denne bylgja la seg brått med Wall Street-krakket i 1928.

Sigurd Kvikne saman med sonen Per tiodleg på 1930-talet. Sigurd døydde i 1935, og Per overtok hotellet i 1956. © Fylkesarkivet.

Sigurd Kvikne saman med sonen Per tiodleg på 1930-talet. Sigurd døydde i 1935, og Per overtok hotellet i 1956. © Fylkesarkivet.

Mulla og Per Kvikne.

Mulla og Per Kvikne.

Etter at Sigurd Kvikne døydde 40 år gamal i 1935, dreiv kona Marta Kvikne hotellet vidare saman med eldste sonen Ole Kvikne jr. Han døydde i 1942. I nokre år etter krigen engasjerte ho direktørar utanom familien til å drive hotellet inntil sonen Per Kvikne gjekk inn i hotelleiinga i 1956. Saman med kona Mulla Kvikne dreiv Per hotellet fram til han døydde i 1991, då sonen Sigurd Kvikne jr. tok over som leiar av familieverksemda.

Les også:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 25.07.2011