Hopp til innhold
X
Innhald

Gjetaren måtte betale

Jon Dale på Farnes gjette i 1826 kyrne til Hans Menes då ein bjørn kom farande og drap ei av kyrne. Eigaren av kua kravde at gjetaren skulle betale for skaden fordi han ikkje fekk jaga bjørnen bort.

Det enda med at gjetaren fekk det kjøtet av kadaveret som var brukande, mot at han måtte gje frå seg ei av sine eigne kyr som erstatning til Hans Menes.

Siste bjørnen i fjella ved Farnes vart skoten av Ola E. Torsnes i Farnesdalen kring 1880, og den siste i Sværefjorden vart skoten i Trolluri 1885, truleg av den same jegeren.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 05.11.2008