Hopp til innhold
X
Innhald

Granlia Heim og Skule

Granlia i Balestrand var i mange år heim for psykisk utviklingshemma. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Granlia i Balestrand var i mange år heim for psykisk utviklingshemma. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Granlia Heim og Skule for psykisk utviklingshemma vart starta av Sogn og Fjordane Røde kors i 1972. Granlia var distriktsheim for 40 utviklingshemma frå heile fylket.

Ei lokal drivkraft for å få skipa heimen var Edel Martens (sjå Villa Balderslund).

Etter kvart som lokale tilbod vart utbygde og klientane kunne flytte nærmare heimstaden, vart aktiviteten på Granlia gradvis nedtrappa frå 1983, og heilt avvikla i 1990.

Omlag 30 klientar vart buande i Balestrand, og ein del av aktivitetstilbodet frå heimen vart fanga opp med skipinga av Balestrand Industrier i 1991 (sjå denne under «Fabrikkar og verkstader i Balestrand»).

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 28.07.2011