Hopp til innhold
X
Innhald

Gravfunn på Veganeset

Den ytste delen av Veganeset. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Den ytste delen av Veganeset. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

På Veganeset like ved ferjestaden Dragsvik ligg ei mengd gravrøyser frå bronsealderen, d.v.s. om lag 3500 år gamle.

På Veganeset like ved ferjestaden Dragsvik ligg ei mengd gravrøyser frå bronsealderen, d.v.s. om lag 3500 år gamle.

Avrettingsstad

Veganeset skal også ha vore nytta som avrettingsstad for om lag 300-400 år sidan.

Vikingsenter

På 1980-talet vart det med stor offentleg støtte bygd eit «vikingsenter» på Veganeset, der ein kopi av eit hus frå vikingtida var det sentrale elementet. Prosjektet var ikkje lønsamt, og vart lagt ned etter kort tid.

Også i Sværen ligg det ein stor gravhaug som kallast Storehaugen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 28.07.2011