Hopp til innhold
X
Innhald

Handel og gjestgjevarar på Tjugum og Holmen

På 1700-talet kom det også ein gjestgjevarstad i Holmen (Balholm) i Balestrand. I 1752 fekk bergensaren Nicolai Christian Gierløw kremmar- og gjestgjevarløyve i Holmen, samstundes som gjestgiveriet på Tjugum vart lagt ned. Gierløw var i 1743 gift med Karen Jensdotter Holm, som var enkje etter kremmar Nils Erikson Falck i Feios.

Kring 1770 vart Gierløw utnemnd til lensmann, og overlet då handelen i Holmen til stesonen Gjert Nilsson Falck. Han dreiv i Holmen til 1803, då svigersonen Jon Gjerde overtok. Han valde å verte gardbrukar og selde til bergensaren Johan Nicolai Thee i 1811, som let sonen Gabriel Nicolay Thee drive forretninga i Holmen.

Konkurs og auksjon

Heller ikkje Thee-folket vart verande lenge, for i 1820 vart handelsstaden og gjestgiveriet seld til den pensjonerte offiseren Hans Peter Grødem Rasmussen frå Bergen. Forretninga gjekk dårleg, og i 1829 skifta handelen i Holmen igjen eigar - denne gongen til Nils Olsen Aamodt, som dreiv fram til 1849. Då gjekk han konkurs, og Holmen vart seld på auksjon til bergensaren Jan Christoffer Garmann, som dreiv til 1868. Då var det Johannes Danielsen (ca. 1832-1901) som tok over. Han hadde tidlegare drive handel på Lærdalsøyri.

På Holmen var det gjestgiveri frå 1700-talet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

På Holmen var det gjestgiveri frå 1700-talet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Han tilsette ein sambygding frå Lærdal, Ole Andersen Kvigne som butikkbetjent, som i 1877 kjøpte eigedomen og handelen av Danielsen - resten av denne historia er under Kvikne's Hotel.

I dette huset heldt landhandelen til Kvikne til. Foto: Ottar Starheim, NRK.

I dette huset heldt landhandelen til Kvikne til. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kunstnarane og Balestrand

Alt i 1819 kom dei første kunstnarane til Balestrand. Dei budde då i det vesle gjestgiveriet i Holmen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 25.07.2011