Hopp til innhold
X
Innhald

Hans Andreas Dahl

Vinterdag på Vestlandet av Hans Andreas Dahl, med motiv frå Esefjorden. © Blomqvist Kunsthandel.

Vinterdag på Vestlandet av Hans Andreas Dahl, med motiv frå Esefjorden. © Blomqvist Kunsthandel.

Hans Andreas Dahl (1881-1919) fødd i Düsseldorf, busett i Berlin. Kunstmålar og son til kunstmålar Hans Dahl.

Kom saman med faren til Balestrand første gong 10 år gamal. Han er ikkje registrert med formell kunstutdaning, men har truleg gått i lære hos faren. Målarstilen er nærmast ein kopi av faren - motiva med sollyse sommardagar, bunadskledde jenter og ville fjell langs fjorden er til forveksling likt det faren Hans måla.

Hans Andreas Dahl vart i 1909 gift med Anna Lorna Bellew, selskapsdama til den engelske ingeniøren James Livesey (sjå Villa Lorna). Dei budde i England om vinteren og i Balestrand om somrane, der han fekk bygd altelier like ved villaen til faren. Seinare budde dei fast i Oslo, der han døydde av lungebrann berre 38 år gamal.

På same vis som faren sine bilete, vart Hans Andreas Dahl sine målarstykke lite verdsette av kritikarar i Noreg medan han levde. Men på 1990-talet har dei vorte svært populære og vert omsette til høge prisar.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 26.07.2011