Hopp til innhold
X
Innhald

Hans Dahl

Hans Dahl i atelieret sitt i Balestrand. Foto: A. B. Wilse.

Hans Dahl i atelieret sitt i Balestrand. Foto: A. B. Wilse.

Nær ven av Keisar Wilhelm

Hans Dahl (1849-1937) frå Granvin i Hardanger, oppvaksen i Bergen og busett m.a. i Berlin og Balestrand. Slekta stammar frå Naustdal i Eid kommune i Nordfjord. Kunstmålar og «keisarven».
Ættefaren Hans Nøstdahl reiste til Bergen midt på 1700-talet og vart kjøpmann. Han korta ned etternamnet til Dahl.

Nær ven av Keisar Wilhelm

Hans Dahl er den mest kjende av kunstnarane som bygde seg villa i dragestil i Balestrand kring 1900. Han er ikkje minst kjend som ein nær ven av den tyske Keisar Wilhelm II.

Han utdanna seg som offiser, men slutta i det militære i 1873 og utdanna seg som kunstmålar. Dahl busette seg i Berlin i 1888.

Frå ein av sommarfestane på Villa Strandheim. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

Frå ein av sommarfestane på Villa Strandheim. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

Etter råd frå kunstnarvenen Eilert Adelsteen Normann, bygde Dahl Villa Strandheim i Balestrand i 1893. Dette er ein av dei største villaene i drakestil i bygda. Kvar sommar skipa Hans Dahl til hageball den staselege villahagen, der hans nære ven, keisar Wilhelm II var sjølvskriven gjest.

Hans Dahl busette seg fast i Balestrand frå 1919. Han døydde i bygda, og er gravlagd ved Tjugum kyrkje.

Måla Vestlands-motiv

Hans Dahl måla fjordar og landskap på Vestlandet, oftast bada i sollys, med raudkinna jenter i bunad og folk i robåtar som sentrale motiv. Han fekk stor omsetning på bileta i utlandet. Men samtidige norske kunstkritikarar var ikkje nådige. Dei hadde kring 1900 meir sans for impresjonisme og ekspresjonistiske bilete.

En sommerdag ved fjorden, med motiv frå Balestrand. © Blomqvist Kunsthandel.

En sommerdag ved fjorden, med motiv frå Balestrand. © Blomqvist Kunsthandel.

I fjordgapet. © Blomqvist Kunsthandel.

I fjordgapet. © Blomqvist Kunsthandel.

Det vanskelige valget. © Blomqvist Kunsthandel.

Det vanskelige valget. © Blomqvist Kunsthandel.

Sonen Hans Andreas Dahl og Emma Pastor Normann har «kopiert» den nyromantiske målarstilen til Hans Dahl.

Dahl er magert representert i norske kunstmuseum, men er innkjøpt til fleire museum på Kontinentet og i USA. Frå 1990-talet har bileta til Hans Dahl blitt svært populære i Noreg, og einskilde har vorte omsette for kring ein halv million kroner.

Riddar og professor

Hans Dahl vart utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden i 1902. I 1910 gav keisar Wilhelm II han eit «æresprofessorat» som "kongeleg prøyssisk professor i kunstmåling".

Hans Dahl saman med Keisar Wilhelm II om bord i keisarskipet Hohenzollern. © Fylkesarkivet.

Hans Dahl saman med Keisar Wilhelm II om bord i keisarskipet Hohenzollern. © Fylkesarkivet.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 01.06.2012