Hopp til innhold
X
Innhald

Helge Johan Thue

Helge Johan Thue fødd 1937 i Balestrand, busett i Oslo. Dr. juris og professor ved Universitet i Oslo frå 2001 i fagfelta internasjonal rett og komparativ rett. Cand. jur. frå UiO 1964 og mastergrad frå Columbia University i USA. Doktorgrad 1983.

Har gjennom lang tid leia det internasjonale utvekslingsprogrammet for juridiske studentar og -forskarar ved UiO. Mellom ei rad internasjonale verv er Thue medlem av Europarådet si gruppe for internasjonal privatrett.

Helge Johan Thue er far til statsadvokat Ola Helge Thue fødd 1961, kjend som aktor i drapssaka «Orderud-saka» i 2001-2002, og bror til Johs. B. Thue og Sigmund Thue.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 26.07.2011