Hopp til innhold
X
Innhald

Helse- og sosialstell i Balestrand

Pensjonærane på gamleheimen måtte ta i eit tak, mellom anna når potetene skulle opp. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

Pensjonærane på gamleheimen måtte ta i eit tak, mellom anna når potetene skulle opp. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

Legetenesta

Den første offentlege legetenesta i fylket kom i 1802, då det vart tilsett ein distriktslege for Fjordane og ein for Sogn. Ut over 1800-talet vart legedistrikta delte opp, og i 1893 fekk Balestrand eigen distriktslege. Balestrand fekk eiga jordmor ca. 1875.

Den tidlegare sorenskrivargarden på Sande var gamleheim frå 1920 til 1977. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Den tidlegare sorenskrivargarden på Sande var gamleheim frå 1920 til 1977. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Balestrand Gamleheim

I 1918 kjøpte ei gamleheimsnemnd det store bustadhuset på garden Sande (sjå Sorenskrivar- og kapteinsgarden Sande). Balestrand Gamleheim vart opna der i 1920. Drifta vart m.a. finansiert med basar og andre innsamlingar fram til 1970, då kommunen kom sterkt inn i drifta. I 1977 vart eigedomen overdregen vederlagsfritt til kommunen.

Balestrand Røde Kors

bygde sjukestove i Holmen i 1931. Her hadde jordmora ei lita fødestove. Sjukestova var i bruk til Balestrand Helsetun vart opna i 1977.

Balestrand Helsetun

- sjå Balestrand Røde Kors.

Granlia Heim og Skule

1972-1990.

Balestrand Helsetun. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Balestrand Helsetun. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 29.07.2011