Hopp til innhold
X
Innhald

Herskap og hus i Balestrand

Villa Strandheim i Balestrand. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Villa Strandheim i Balestrand. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Dei som er interessert i arkitektur bør absolutt ta seg ein tur langs stranda i Balestrand, for der ligg praktvillaene som perler på ei snor. Men kan du ikkje reise til Balestrand kan du få eit visst inntrykk her:

Målsnes og Skåsheim som futegardar

Frå kring 1630 til 1650 budde futen i Sogn på Målsnes, og seinare på Skåsheim.

Fute- og offisersgarden Flesje

Ved ei lun bukt omlag fem kilometer vest for Balestrand ligg eit staseleg herskapshus i to etasjar.

Sorenskrivar- og kapteinsgarden Sande

Dei mest kjende landemerka på garden er kunstmålar Dahls villa ved fjorden og Villa Lorna.

Askelund futegard. Foto: Ottar Starheim, NRK

Askelund futegard. Foto: Ottar Starheim, NRK

Futegarden Askelund

Den store trebygningen er rekna som ein av dei vakraste embetsmannsgardane på Vestlandet.

Kvikne's hotell

«Kronjuvelen» i norsk sveitserstil. Hotellet har ei spennande historie...

Villa Normann

Kunstmålar Eilert Adelsteen Normann bygde Villa Normann like vest for Balestrand sentrum i 1891, like ved Villa Balderslund.

Hotel Balestrand

- eit mangslunge hus.

Drakestilen som nasjonalsymbol

Ein stor del av dei prakfulle villaene som vart bygde i Balestrand kring 1900, er bygde i såkalla «dragestil» - ein norsk variant av «sveitsarstilen».

Villa Balderslund

Bygd i drakestil i 1907, ligg like ved den gamle futegarden Askelund.

Villa Solheim

Villaen ligg ved stranda på Bale.

Villa Kringsjå

Eigedomen er i nyare tid betre kjend som Kringsjå Hotell, og ligg på ei høgd over Balestrand sentrum.

Villa Strandheim

Villa Strandheim vart bygd av kunstmålar Hans Dahl i 1894.

Villa Norlandheim

vart bygd i 1905 av hoff-fotograf Carl Tietz frå Berlin.

Fleire hus og villaer:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 05.03.2012