Hopp til innhold
X
Innhald

Høgt nybygg og rekonvalesentheim

 Betongfløyen som stod klar til bruk i 1968. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK

Betongfløyen som stod klar til bruk i 1968. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK

Som det første turisthotellet i Skandinavia, vart Kvikne's hotel brannsikra med sprinkleranlegg i 1959. Bygginga av den store betongfløyen som til slutt talde åtte etasjar, starta i 1965 med 39 nye rom og ny resepsjon.

Andre byggjesteg med 48 gjesterom stod ferdig i 1968. Siste byggjesteg med 78 rom stod ferdig i 1973. Hotellet hadde dermed 210 rom og 400 senger.

Hotellet sett frå Sjørun. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Hotellet sett frå Sjørun. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Rekonvalesentheim

I åra frå 1966 til 1971 opna Per Kvikne og Mulla Kvikne hotellet for norske og europeiske kringsinvalidar for gratis opphald på hotellet. Frå 1976 til 1991 vart Kvikne's Hotell utanom turistsesongen nytta som rekonvalesentheim for somatiske pasientar.

Frå Balejazz i 2011. Foto: Hans Jakob Reite, NRK.

Frå Balejazz i 2011. Foto: Hans Jakob Reite, NRK.

Jazzfestival

Sigurd Kvikne jr. gjekk inn i hotelldrifta i 1986. Som musikkinteressert fekk Sigurd Kvikne saman med Jon Skjerdal (sjå Kjende personar i Aurland) starta Balejazz, som har halde årlege jazzfestivalar på Kvikne's Hotel sidan.

Heilårsdrift

Frå 1991 gjekk hotellet over til heilårsdrift. Fram til 1996 sat Mulla Kvikne som eineeigar. Då vart verksemda skipa om til aksjeselskap med familien som aksjeeigarar.

I 2001 hadde Kvikne's Hotel 42.000 gjestedøger. Les om kjentfolk på Kvikne's Hotell.

Spisesalen på Kvikne´s Hotel. © Kvikne´s Hotel.

Spisesalen på Kvikne´s Hotel. © Kvikne´s Hotel.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 28.07.2011