Hopp til innhold
X
Innhald

Hotell Balestrand

Hotel Balestrand på prospektkort frå ca. 1900. © Fylkesarkivet.

Hotel Balestrand på prospektkort frå ca. 1900. © Fylkesarkivet.

Det staselege bygget som ein gong vart bygt som Hotel Balestrand, må vere eitt av dei mest mangslungne hus i Sogn og Fjordane. Gjennom tida har bygget husa utruleg mange aktivitetar.

Hotellet vart bygt i 1892 av Nils Johannesson Rendedal (1846-1934) frå Vetlefjorden. Han hadde kjøpt den gamle handelsstaden i Holmavollen i 1889. Dette var ein av dei mest sentrale eigedomane i Balholmen. Tre år seinare vart det flotte hotellet i sveitsarstil med tre etasjar opna. Rendedal fekk avtale med det engelske reisebyrået Thomas Cook, som forsynte hotellet med gjester i sommarsesongen. I 1913 bygde Rendedal eit anneks til hotellet lengre vest. Hotellet fekk elektrisk lys i 1914. Dette vart seinare ein del av Balestrand Pensjonat (sjå Reiselivsverksemder i Balestrand).

Bank, kommunehus og vassdragskontor

Bank, kommunehus og vassdragskontor

Nils og Synneva Rendedal selde i 1920 til Balestrand Sparebank, som nytta bygget som bankbygg, kommunehus, og som kontorstad for fylket sitt første vassdragskontor. Stilling som vassdragsingeniør vart oppretta i 1917 (sjå Aksel Mollø Christensen), og vassdragskontoret heldt til i bygget til 1927.

Brusfabrikk, tannlege og frisør

I kjellaren dreiv Markus Tuftedal og seinare broren Per ein brusfabrikk i kring 10 år frå tidleg på 1920-talet. Frå 1920 til kring 1960 heldt rikstelefonstasjonen til i bygget. På 1920-talet var det også tannlegekontor i huset.

På 1920-talet starta Lars Grinde frå Leikanger slakteri i sjøbua som høyrde til, og butikk i huset på land. Han dreiv fram til 1940. Seinare har dei og vore frisørsalongar i huset, som etter kvart vart kalla «Gamlebanken» på folkemunne.

I 1924 flytta Anna Sværen og Johanna Gjerde f. Kvalheim kaféen «Kaffistova» frå meieriet til «Gamlebanken». Her dreiv dei til 1942. Desse lokala vart seinare nytta til lensmannskontor og fargehandel. Frå 1941 til 1958 dreiv Anna og Ivar Bø Bø Pensjonat og kafe i bygget. I 1940-åra heldt Sygna Gymnas til i bygget.

Kommunen nytta det tidlegare hotellet fram til nytt rådhus stod klart på slutten av 1960-talet. Riving og ombygging i 1930 og 1958 endra sterkt på utsjånaden til bygget.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 25.07.2011