Hopp til innhold
X
Innhald

Hotellhage og sosietetsliv

Hotellet med hagen framfor. Foto: NRK.

Hotellet med hagen framfor. Foto: NRK.

Kvikne's Hotel vart eit naturleg senter for det luksuriøse turist- og sosietetslivet som utfalda seg i Balestrand frå 1890 og fram til første verdskrig.

Straks Ole Kvikne starta hotelldrift, fekk han bygd pen hage kring hotellet. Her kunne gjestene spele krokket om kveldane i skinet frå kinesiske lykter, eller vitje ein av dei mange sommarkaféane når dei promenerte langs stranda.

Langs stranda bygde velståande forretningsmenn og kunstnarar praktfulle villaer (sjå Herskap og hus i Balestrand), og ute på fjorden låg Bergens-sosieteten sine seglbåtar for anker. Keisar Wilhelm II kom årleg med sitt praktfulle skip «Hohenzollern» i fylgje med ein stor flåte krigsskip. «Flytande hotell» - cruiseskipa sette turistane i land når dei stogga i Balestrand.

Ein av dei som fann det tenleg å bu i Balestrand på denne tida, var eigaren av Vadheim Elektrochemiske Fabrikker, skotten Edgar A. Ashcroft. Han leigde 1907-1917 det store huset på den tidlegare: Sorenskrivar- og kapteinsgarden Sande.

Les også:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 25.07.2011