Hopp til innhold
X
Innhald

Industri og næring i Balestrand

Reiselivet er den store næringa i Balestrand, og Kvikne´s Hotel har frå starten i 1877 vokse til å bli den største arbeidsplassen i kommunen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Reiselivet er den store næringa i Balestrand, og Kvikne´s Hotel har frå starten i 1877 vokse til å bli den største arbeidsplassen i kommunen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Næringslivet i Balestrand har heilt frå midten av 1800-talet vore sterkt prega av turisme. Sjølve "kronjuvelen", Kvikne's Hotel, ligg ytst på neset i Holmen og vitnar om den dominerande turistnæringa. I tillegg til Kvikne´s har det fram gjennom tida vorte bygt ei mengd andre hotell og overnattingsstader i Balestrand, og særleg i den tida då hotellgjestene "promenerte" ut og inn langs stranda, låg kaféane på rekkje og rad langs spaserturen. I den vestlege delen av kommunen ligg Nessane, der Erling Nesse og etterkomarane hans har bygd opp levedyktig industri.

*Handel og gjestgjevarar på Kvamsøy *Handel og gjestgjevarar på Tjugum og Holmen *Fabrikkar og verkstader i Balestrand *Landhandlar i Balestrand *Reiselivsverksemder i Balestrand, hotell pensjonat kaféar suvenirbutikkar museum m.m.

ENKELTOMTALAR

ordna etter oppstartsår:

Sparebanken Sogn og Fjordane, tidlegare Balestrand Sparebank, held til i rådhuset. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Sparebanken Sogn og Fjordane, tidlegare Balestrand Sparebank, held til i rådhuset. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Balestrand Sparebank

grunnlagt 1847 som ein av dei første bankane i fylket, under namnet Tjugums Sparebank. Den heldt til på prestegarden på Lunde fram til kring 1910, då den flytta til eit hus i Holmen. I 1920 kjøpe sparebanken Hotell Balestrand, der banken heldt hus til den bygde nytt bygg i 1967. Banken vart i 1988 ein del av Sparebanken Sogn og Fjordane.

Sparebanken Sogn og Fjordane

- sjå Balestrand Sparebank.

Balestrand Branntrygdelag

vart skipa i 1891.

Sogns Jægte-Assuranceforening

vart skipa i 1897 etter opptak av Frik Ellingson Kvamme (fødd 1863) frå Kvamsøy. Laget trygda første året i alt 23 jekter, men voks til 125 trygdetakarar kring 1910. Men motoriseringa av frakteflåten gjorde at laget vart avvikla i 1915.

Handels og industrieventyret på Nessane

Utviklinga av industri- og handelsverksemda til Erling Nesse A/S i Nessane er kan hende ei av dei mest spesielle i heile landet.

Urmakarbutikken til Thue heldt til i dette vesle kvite huset. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Urmakarbutikken til Thue heldt til i dette vesle kvite huset. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Urmakar

Arne Thue bygde urmakarforretning ved kaia i Holmen i 1913. Sonen Peter Thue tok over urmakarbutikken i 1953. Då handelshuset Holmatunet vart bygd i 1988, vart den særmerkte, vesle urmarkarbutikken flytta til ny tomt ved sida av Cooper-huset.

Balestrand vassverk

vart bygd i 1914 etter opptak frå bergensaren Alfred Martens. (Han var lege og offiser, og bygde Villa «Majorstuen» i 1913 - sjå bilete).

Polarskuta frå Torsnes

- om den mest kjende båten frå båtbyggeriet på Torsnes i 1916.

Fotograf Tietz

Carl Tietz starta ca. 1919 som fotograf i Balestrand. Han kom først til Balestrand som hoff-fotograf for keisar Wilhelm II, og bygde seg hus der i 1905. Sonen tok over i 1934.

Frisør

Gudrun Handal starta frisørsalong i Balestrand i 1935, og frå 1939 og fram til 1942 dreiv ho også salong i Leikanger. Handal hadde tre tilsette, og hadde mykje å gjere i turistsesongen. Salongen var ein av dei første i fylket som kjøpte inn «høgfjellssol». Det var like etter 2. verdskrig.

Ese-Bygg

Hans Grøneng starta på 1950-talet trelasthandel og byggjevareforretning i Esefjorden. Seinare overtok Ole-Bjørn Ese forretninga under namnet Ese-Bygg.

Den tidlegare bensinstasjonen til Geithus. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Den tidlegare bensinstasjonen til Geithus. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Bensinstasjon i Holmen

Bjørn Geithus starta bensinstasjon (Esso) i Holmen i 1965, og bygde vaskehall i 1968. I 1976 bygde han også utleigehytter i Habn. Bensinstasjonen er no lagd ned.

Handelshuset Holmatunet

I tillegg til forretningar har m.a. tannklinikken, likningskontoret, trygdekontoret og div. kommunale kontor og turistkontoret tilhald i Holmatunet i 2002.

Holmatunet. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Holmatunet. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Quality Intervention

er eit selskap som utviklar teknologi innan oljebransjen og som vart etablert i Balestrand i 2008.

Lidal vedlikehold & Service AS

vart starta i 2012 av Kurt Ove Lidal. Firmaet driv med utleige av maskinar, utstyr og arbeidskraft.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 27.09.2012