Hopp til innhold
X
Innhald

Ivar Høyvik

Ivar Høyvik i år 1900. Foto © Fylkesarkivet.

Ivar Høyvik i år 1900. Foto © Fylkesarkivet.

Ivar Hansson Høyvik (1881-1961) frå Gulen, busett i Balestrand. Møbelsnikkar og treskjerar.

Utdanna i lære hjå Magnus Dagestad ved Voss Kunsthandverksskule. Kom til Balestrand i 1905 saman med kona Eli, som var kunstvevar. Han har utsmykka fleire av villaene i Balestrand med treskjering i drakestil - sjå:

Utsmykking på Kvikne's hotell

Høyvik er mest kjend som meistaren bak dei prakfulle utskjeringane og møblane i «Høyvik-salen» på Kvikne's hotell. Heile salen er møblert av Høyvik, med bord, stolar, portalar og speilrammer i drakestil.

Møblar i Høyviksalen utskorne av Ivar Høyvik. Foto: Arild Nybø, NRK.

Møblar i Høyviksalen utskorne av Ivar Høyvik. Foto: Arild Nybø, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 26.07.2011