Hopp til innhold
X
Innhald

Jakob Gerhard Meidell jr.

Jakob Gerhard Meidell jr. (1735-1796) fødd i Aurland, busett på Flesje. Offiser med kapteins grad.

Tok over som sjef for Aurlandske Compagnie etter faren Jakob Gerhard Meidell sr. i 1768. Vart seinare kaptein i Første Bergenhussiske Regiment fram til han slutta som offiser i 1786. Kjøpte den gamle futegarden Flesje i 1774 (sjå Fute- og offisersgarden Flesje).

Far til Christian Gahrup Meidell.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 05.03.2008