Hopp til innhold
X
Innhald

Jektebygder ved Sognefjorden

Gamle-Esen

Vetlefjorden, Torsnes og Sværefjorden var i gamal tid kjende som «jektebygder». Det vert fortalt at mest kvar gard hadde eiga jekt. Også i Kvamsøy var det fleire jekter.

Gamle-Esen

På Ese budde den kjende jekteskipperen Lars Ese (1834-1917). «Gamle-Esen» eigde i alt fire jekter, og var så velståande at han kunne låne Ole Kvikne pengar då han bygde Kvikne's Hotel i 1877. Lars Ese kjøpte sjølv varer som han førde til by'n og selde. På Ese vart det også bygd jekter. I 1801 strauk to nye jekter og fem robåtar med då eit stort naust i Ytre Nessane brann ned. Det var karar frå Vikøyri som hadde vore uforsiktige då dei gjorde opp eld ved naustet.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 27.07.2011