Hopp til innhold
X
Innhald

Jektehamna i Kvamsøy

Kvamsøy. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kvamsøy. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Langs hovudløpet i Sognefjorden finn ein ei av dei beste naturlege hamnene bak Kvamsøya. Det var her kong Sverre samla skipa sine før Slaget ved Fimreite i 1184.

Seinare har Kvamsøy vore ei god hamn for jekter som sigla i fjorden. I Kvamsøysundet finst merke etter fleire båtfeste der jektene kunne fortøye når dei søkte hamn. Liknande båtfeste finn ein i andre typiske jektehamner i fylket, som Klævoll i Høyanger kommune og Flotøyna ved Bryggja i Vågsøy kommune. Også ved Holmen i Balestrand var det ei lun jektehamn.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 27.07.2011