Hopp til innhold
X
Innhald

Johan Edvard Sverdrup

© Fylkesarkivet.

© Fylkesarkivet.

Johan Edvard Sverdrup (1861-1923) frå Balestrand, busett i Oslo. Teolog og professor.

Cand. theol. 1885. Lærar ved 1885-1893 Sogndal folkehøgskule, som broren Jakob Liv Rosted Sverdrup hadde grunnlagt. Gjorde også teneste m.a. som sokneprest i Solund i fleire år. Etter studiar i Tyskland, vart han i 1908 lærar ved det nyreiste Menighetsfakultetet i Oslo, der han vart professor frå 1918.

Gav ut fleire populærvitskapelege bøker, m.a. «Fra Norges kristenliv» i 1918, der han skildrar etterverknaden av haugianismen og framvoksteren av indremisjonsrørsla. Styreformann i Det norske lutherske Indremisjonsselskap 1911-1923.

Han stod sentralt i arbeidet for å reise eiga kyrkje i Longyearbyen på Svalbard. Medredaktør i «Luthersk Kirketidende» 1910-1918 og formann i lærarrådet ved Menighetsfakultetet 1916-1923.

Son til Harald Ulrik Sverdrup, bror til statsråd og biskop Jakob Liv Rosted Sverdrup og far til den kjende polarforskaren Harald Ulrik Sverdrup d.y..

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 26.07.2011