Hopp til innhold
X
Innhald

Keisar Wilhelm II og 1. verdskrig

Men sjølv om krigsklokkene lydde over Europa, la likevel keisar Wilhelm II ut på ferie til Noreg 6. juli.

Den 28. juni 1914 fall skota i Sarajevo som utløyste 1. verdskrig, og keisar Franz Josef av Austerrike erklærte krig mot Serbia.

Men sjølv om krigsklokkene lydde over Europa, la likevel keisar Wilhelm II ut på ferie til Noreg 6. juli.

Den 25. juli var keisaren gjest hjå ein kunstnarven i Balestrand då han tok imot telegrammet om at krigen var broten ut. Keisaren og det store fylgjet hans reiste i all hast tilbake til Tyskland.

Måtte gå av

I heimlandet hadde keisaren mange uvener, og vart i røynda fråteken all politisk makt i krigsåra.

Då det gjekk mot krigsnederlag for Tyskland, Austerrike-Ungarn og Tyrkia i november 1918 vart keisar Wilhelm II ved revolusjon tvinga til å gå av. Han flykta til Nederland, og Tyskland vart republikk.

Les også:

INNSKRIFTA PÅ STOLEN:

INNSKRIFTA PÅ STOLEN:

”Keiser Wilhelm sad i denne Stol Lördag den 25. juli 1914 om Eftermiddagen Kl 5 til 5 ½, da han med Fölge var hos Professor Hans Dahl paa ”Strandheim”, Sogn Balestrand for at sige Farvel. Han drog Kl 6 med ”Hohenzollern” til Kiel, da Krigen havde at bryde du mellem Österrig og Serbien. Ultimatet löb ut Kl 6. Im Gefolge war Graf von Wedel, Fr.v. Dohne, Generalarzt v. Ibberg, Oberstleutnant von Hahnke, Adjutant von Paleske.”

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 04.07.2012