Hopp til innhold
X
Innhald

Keisar Wilhelm II og Balestrand

 Keisar Wilhelm II. Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Keisar Wilhelm II. Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Keisar Wilhelm II (1858-1941) av Tyskland var ein årviss gjest i Balestrand frå 1910 og fram til krigsutbrotet 1914. På sommarturane til Noreg heldt han stort hoff ombord på det staselege keisarskipet «Hohenzollern», og keisarskipet vart alltid eskortert av ein stor flåte krigsskip.

Keisarleg morgonbad

Under opphaldet i Balestrand hadde keisaren som fast rutine å ta morgonbad i Sognefjorden, same kor kaldt det var i vatnet. Etter symjeturen gjekk han og fylgjet ein spasertur. Keisaren likte å spasere, noko livvakta var svært engsteleg for. (Sjå Spionar med attentatplanar mot keisaren). I Balestrand var han ofte gjest hos venen, kunstmålar Hans Dahl. Heile bygda stod på ende med faner, flagg og folketog når keisarfylgjet kom til Balestrand.

Frå ein av sommarfestane om bord i keisarskipet på Esefjorden. Foto: Th. Jürgensen. © Fylkesarkivet.

Frå ein av sommarfestane om bord i keisarskipet på Esefjorden. Foto: Th. Jürgensen. © Fylkesarkivet.

Keisarleg rovfiske

Esefjorden var ein god fiskeplass, og mange langs strendene dreiv næringsfiske i fjorden. Men når keisarflåten kom, fekk dei konkurranse. Matrosane strekte not over mest heile fjorden, og med motorbåt i kvar ende drog dei nota innover og sopa med seg det som var. Bygdefolket klaga på slikt rovfiske, og keisaren måtte betale erstatning.

Etter å ha øydelagt fisket i Esefjorden, flytta tyskarane seg til utløpet av Fjærlandsfjorden og for fram like eins der.

Frå brannen i 1911 med keisarskipet i bakgrunnen. Foto: Th. Jürgensen. © Fylkesarkivet.

Frå brannen i 1911 med keisarskipet i bakgrunnen. Foto: Th. Jürgensen. © Fylkesarkivet.

Keisaren som brannmeister

18. juli 1911 berga keisaren truleg mange bygningar frå flammane då det braut ut brann i snikkarverkstaden til Bjørn Sande og Hans Thue i Holmen. Keisarfylgjet var denne dagen i Vik, men oppdaga brannen og kom seg raskt nord om fjorden. Keisaren leia sjølv sine eigne matrosar i sløkkingsarbeidet. Også sjøfolk frå det britiske turistskipet «Mantua» hjelpte til. Innsatsen berga truleg Holmen frå ein storbrann, for det var svært tørt denne sommaren.

Dei to snikkarane bygde seinare ny verkstad på tomta.

Keisartrappa der Keisar Wilhelm II steig i land når han var i Balestrand. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Keisartrappa der Keisar Wilhelm II steig i land når han var i Balestrand. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Keisar Wilhelm og vikinghelten Fridtjof

Den mest kjende beundraren av Tegnér sin vikinghelt, var Wilhelm II. Den modige Fridtjof høvde godt inn i det kvasi-vitskapelege tankegodset som tidleg på 1800-talet vart skapt av tyske forskarar.

Keisar Wilhelm II og 1. verdskrig

Den 25. juli var keisaren gjest hos kunstprofessor Hans Dahl i Balestrand då han tok imot telegrammet om at krigen braut ut. Keisaren og det store fylgjet hans reiste i all hast tilbake til Tyskland.

Film om livet rundt keisaren

I 2012 lanserte Ingrid Ese ein film om sosietetslivet som utspann seg når den tyske keisaren var i Sogn. Filmen er bygd på fotoalbum med foto som ei den gong ung jente frå Bergen, Magdalene Elisabeth Kroepelin Gran, tok i tida 1910-1914. Ho var dotter av den russiske konsulen i Bergen og var mellom dei som vart inviterte til selskap om bord i "Hohenzollern".

Keisar Wilhelm og kong Haakon på veg til avdukinga av Fridtjof-statuen på Vangsnes 31. juli 1913. Foto: Th. Jürgensen, Fylkesarkivet

Keisar Wilhelm og kong Haakon på veg til avdukinga av Fridtjof-statuen på Vangsnes 31. juli 1913. Foto: Th. Jürgensen, Fylkesarkivet

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 04.07.2012