Hopp til innhold
X
Innhald

Kjentfolk på Kvikne's Hotel

Gjestebøkene viser at det luksuriøse hotellet heilt frå starten tok imot prominente gjestar frå heile verda. Alle dei norske kongane har vore innom.

Fridtjof Nansen har tala frå balkongen. Både japanske kronprinsar, kongen av Siam, thailandske prinsesser, indiske maharajaer, danske prinsar, svenske prinsesser og den islandske presidenten har hatt ei god natts søvn på Kvikne's.

Like etter 2. verdskrig kom tidlegare britisk statsminister Clement Attlee på vitjing.

Statsminister Hashimoto frå Japan var gjest i 1997, og FNs generalsekretær Kofi Annan i 2001.

Tidlegare FN-generalsekretær Kofi Annan er mellom dei som har budd på Kvikne´s Hotel. Foto: Stan Honda, AFP.

Tidlegare FN-generalsekretær Kofi Annan er mellom dei som har budd på Kvikne´s Hotel. Foto: Stan Honda, AFP.

Filmstjerner

I 1953 var det mykje oppstyr i Balestrand då filmstjernene Kirk Douglas, Janet Leigh og Tony Curtis kom for å skyte nokre scener til filmen «The Vikings» i Finnabotn vest for Vik. Sjølve filminga vart avlyst, og filmstjernene reiste i staden til Hardanger for å gjere opptak.

I 1971 budde eit filmteam frå Walt Disney Productions på Kvikne's medan dei tok scener til ein vikingfilm i Finnabotn.

Sjå også:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 25.07.2011