Hopp til innhold
X
Innhald

Klaudine Skarestad

Klaudine Skarestad. Ukjend fotograf. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Klaudine Skarestad. Ukjend fotograf. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Klaudine Skarestad (1858-1922) frå Grøneng, busett i Fjærland. Bondekone og biletveverske, som saman med Brita Dahle la grunnlaget for den sterke vevtradisjonen med smettvev i Fjærland.

Starta vevstove som ho dreiv med opptil 7 jenter fram til 2. verdskrig. Dei nytta ofte vevstolar på 5-7 meter, og sat jamsides og vov store biletteppe.

Kvart år før jul hadde Skarestad utsal i Oslo av teppe frå Balestrand og Fjærland. Ho starta også vevstove i Balestrand saman med syskenborna Anna Bø og Klaudine Bale.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 10.06.2009